25. januar kl. 15:00
VinterKlassisk – Vi slår på stortromma!
SAL 1
Hvor: | Kokeriet, Sandefjord |
---|
Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen.
Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?
Baker Hansen leiter etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er gjendikta og historiane omarbeidd til vårt eige mål i vår eiga tid, framført på dialekt av
vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. Når språket er vårt eige, får musikken høve til å komme nærare på lyttaren - og livet og leiken i det
velspelande jazzensemble lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjerter.
Det nye albumet Ein song som liknar oss kjem i september 2024 med heilt nye gjendiktingar av klassikarar som “Autumn Leaves” (med tekst av Sylfest
Lomheim), “The Night We Called It A Day” og “Do It The Hard Way”.
Baker Hansen har frå før gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019), og turnert landet
rundt på fleire hundre konsertar sidan 2010.
Sigurd Rotvik Tunestveit song og gjendiktingar
Erling Skorpen trompet
Tore Flatjord trommer
Kjetil Jerve piano
Stian Andreas Egeland Andersen kontrabass
Søket ditt ga dessverre ingen treff.