Fra Stjernekamp til Hjertnes kulturhus

Kim Rysstad - Snøen laver ned

13. desember settes julestemningen for alvor , når Rysstads vakre toner, akkompagnert av Frode Berntzen på gitar og Eirik Berg på piano ønsker velkommen til julekonserten, "Snøen laver ned".

Gjennom høsten og vinteren har Kim Rysstad sjarmert NRK-seere gjennom sin deltakelse i Stjernekamp. I 2017 ga den prisbelønte vokalisten og folkesangeren ut en kritikerrost juleplate i samarbeid med London Philharmonic Orchestra. Platen ble av NRK beskrevet som "En av tiårets fineste julealbum".

 

Kim Rysstad er prisvinnande vokalist og A-klassekvedar frå Rysstad i Valle Kommune i Setesdal. Han har gjeve ut fylgjande album: «Tak hardt uti hand», «Vegen» (nominert til Spellemann), "Timeglas" og det kritikerroste jolealbumet «Snøen Laver Ned», med London Philharmonic Orchestra (tiårets beste juleplate). Etter fleire år med undervisning innan klassisk sang så valde han i 2003 å studere folkemusikk. Han har vore elev av Kirsten Bråten Berg, Ragnhild Furholt og Agnes Buen Garnås, men har også lært mykje av felespelar Ånon Egeland. Han har studert ved Folkekunststudiet i Rauland og ved Ole Bull Akademiet på Voss.
Rysstad jobbar også mykje på tvers av sjangrer og hentar inspirasjon frå country, bluegrass og popmusikk.

Kim Rysstad deltok i Melodi Grand Prix i 2012, der han sang Så Vidunderlig» med tekst og melodi av Elin Nygård. Duetten som Rysstad gjorde med Anne Grete Preus gjorde sitt til at andre norske artistar la merke til den særmerkete røysta frå Setesdal. Så Kim har vore gjesteartist på magne ulike utgivelser som mellom anna på «Berre meg» med Ingebjørg Bratland, «Unclouded» med Silje Nergaard, «Friaren» med Aasmund Nordstoga og «Sandkorn» med Sigrid Moldestad.

Han har også vunne mange prisar som Årets soloalbum for utgivelsen «Tak hardt uti hand» på Folkelarm, kåra til Årets unge folkemusiker i INTRO-folk av Rikskonsertene og FolkOrg, nominert til Spellemannpris for albumet «Vegen», og Årets beste mannlege folkemusikksangar på Folk Off! Awards i Liverpool. Rysstad vart også i 2018 utnemd til Setesdalssambassadør av Setesdal Regionråd.

Billetter kjøper du HER

foto Jens Haugen

_
_
_